4H

Intervju med Halvor som er klubbrådgjevar i 4H


-Kva føler du er bra for ungdommen med 4H?
"Ein lærar mykje, spesielt når ein jobbar med prosjekta sine. Når ein vel prosjekt, kan ein velje mellom mange forskjellige tema, men alle lærer noko av det same. Ein lærer å planlegge eit arbeid og avslutte det. Noko av det andre ein lærer er å sette opp budsjett, skrive plan og rapport, lage avtaler og skrive rekneskap. Ein viktig ting ein lærer er å leie ein organisasjon, sida medlemmane styrer klubben sjølve, får dei opplæring i dei forskjellige stillingane som leiar, kasserar, skrivar".

- Kva slags påverknad trur du 4H har på ungdom?
"Eg trur det påverkar dei på mange forskjellige områder, og det er ein ganske tradisjonell og traust organisasjon".

- Kan du forklare kva 4H står for, har dei eit motto eller slagord?
"Namnet er 4H, og dei 4 H’ane står for klart hovud, varmt hjarte, flinke hender og god helse".

- Korleis er 4H organisera?
"4H er ein stor landsorganisasjon som har forskjellige fylkesstyre. Men spesifikt i ein klubb er det ungdommen sjølve som bestemmer og sit i styret. Ein klubb har eit par vaksne som klubbrådgjeverar. Dei gjev styret råd om kva dei burde eller kan gjera".

- Kva gjer du gjennom eit år i 4H?
"Det er forskjellig frå klubb til klubb, det kjem an på kor i landet han ligg, om klubben ligg i byen eller ute på landet. Det kjem også mykje an på kven som sit i styret og korleis økonomien er. Du har det årlige prosjektet og du har møter. Ein får også tilbod om leirar både innan fylket, landet og Norden".

- Kvar i Seljord er det 4H klubbar?
"I Seljord finst det tre klubbar, Rust som ligg i fjellbygda Åmotsdal ca.30 min frå Seljord mot Rauland, Skorve som ligg i bygda Flatdal ca.20 min frå Seljord og Ørn som ligg på Vefall som ligg ca.15 min frå Seljord".





Navigasjonsknapp - heim.gifNavigasjonsknapp forover.pngNavigasjonsknapp - tilbake.png