Andre aktivitetar i Seljord


Seljord er ein fin stad i Telemark med vakker natur og mange fine stadar. Og vi har alltid noko ein kan gjera. Grunnen er at Seljord har eit stort tilbod med fritidsaktivitetar:


tårn.jpg
Sjøormtårnet



Du likar å halde deg i form med sport? Då kan du drive med fotball, handball, ski, symje osv. her i bygda. Aktivitetar som ski og symje er sesongaktivitetar. Aktivitetar som fotball og handball blir drive av Idrettslaget. Som står i samarbeid med Seljord kommune.





Norsk prosjekt 016.JPG
Blengsdalen



Mogligheitane for å stå på ski om vinteren er store.
Du har stadar som Blengsdalen og Raukleiv. På desse
stadane er dei alltid brøyta løyper og bakkar om vinteren.
Det er også løyper utanfor desse stadane.






images.jpg
Bjørgesanden


Seljord har også tilbod om mange fine badestrender, som gir deg mogligheit
til å få ein utruleg fin symjeoppleving. Dei beste og mest kjente stadane er Bjørge, Tellnes og Sanden. Disse strendene blir istandhalde av campingplassane. Og
ein har mogligheit til å leige små robåtar og liknande.





gravin.jpg
Granvin Kulturhus



Kulturhuset til Seljord som er Granvin, har ein god del tilbod.
Det er mange ting som kan gjerast på Granvin; fotball, handball, osv.
Det er også gode tilbod innan musikk, dans og drama, sidan Granvin
har ein stor og fin scene som er godt eigna for framføringar.




badstue.jpg
Badstuen i Vebekkdalen



Nokon tøffe ting ein også kan drive med i Seljord kommunen er badstua i Vedbekkdalen. Eller utebane for tennis og volleyball i Flatdal.





Så, som du kan sjå er det massevis av aktivitetar som du kan drive med her i Seljord. Vi håpar at denne sida gir deg ein god oversikt over aktivitetar du kan driva med her i bygde. Her er det ein liten video av nokon aktivitetar. :)








Navigasjonsknapp forover.pngNavigasjonsknapp - tilbake.pngNavigasjonsknapp - heim.gif