BjørgenutenBjørgenuten II.jpg

Bjørgenuten ligg på venstre sida av Seljordsvatnet når ein køyrer mot Bø. Det er ein av Seljords høgaste toppar, og når ein kjem opp, får ein utsikt over både Seljord, Seljordsvatnet og Flatdal. Det er merka vegar opp til toppen.

Viss ein ønskjer å gå den kortaste og lettaste vegen opp, må ein gå opp på baksida. For å komme seg opp til stien, må ein kjøre opp mot Grimås/Lifjell til ein kjem til ein traktorveg som svingar inn til høgre. Stien gjeng for det meste oppover, men det er også litt flatt terreng på veg opp. Det tek ca. 2 timar å gå opp den 3 km lange vegen. Etter ein har komme til toppen, kan ein skrive seg opp i ei bok og sette seg ned og nyte utsikta. Årstida ein burde velje når ein skal opp er seint på våren, sommaren eller tidleg på hausten, viss ein ønskjer å gå på beina utan å bli våt. Ønskjer ein å gå på ski kan ein gå om vinteren.

Om ein skal gå opp på framsida, kan ein gå opp frå garden Bjørge. Denne turen er tyngre enn den på baksida. Det tek rundt 2 timar opp til toppen og avstanden er ca 4,2 km.
Etter ein har gått litt, byrjar det å bli veldig bratt, og slik fortsett det heilt opp til toppen. På veg oppover er det fleire fine utkikkspunkt, og nokre gamle hytter. Det er same topp her som når ein går opp frå baksida. Årstidene ein kan gå opp er alle, men ein burde gå når det ikkje er snø. Der er ikkje mogleg å gå på ski opp. Dette er er ein turveg som ein ikkje bør gå glipp av!

Terningkast:

last ned (2).jpg




Navigasjonsknapp - heim.gifNavigasjonsknapp forover.pngNavigasjonsknapp - tilbake.png