Bilde 1.png

Dyrsku'n

På Dyrskun kvar september kan ein oppleve mykje. Ein kan kjøpe mykje forskjellig, god mat . Ein kan ete og kose seg. Likar ein spenning, kan ein kjøre mange kule karusellar. Er ein interessert i dyr, kan ein gå til fjøset for å sjå på dyr.

Går ein til Sterke-Nilstunet, kan ein sjå på saker og ting der, mellom anna skodespel.

Familiar kan gå på Dyrskun saman, og det er mykje å sjå på for heile familien. Ein kan kjøpe mange kule ting, alt frå badestamp og hytter til klede og mat.

Det er godt å slappe av etter ein lang dag på Dyrskun.

Right On - treffet

Amcar.jpg

I år er namnet på utstillinga “Right on” sidan det er utstilling med Amcar, Classic, gatebilar og hobbybilar. Før hette det Amcar- treff og det var kun Amcar bilar. Det er ein eigen Right on – camping i år, dei har tatt i bruk caféen. I år er utstillinga den 27. juli, det er mange flotte premiar, hovudpremien er tur til USA til ein verdi av 10 000 kroner. Deltakarane som bur på festivalcampingen eller Seljord Folkehøgskule får refundert 300 kroner av betalt festivalplass. Det er også den største countryfestivalen i Norden.




Vårmarknad

IMG_0105.JPGKvart år er det om lag 6500 besøkande, 240 utstillarar og 160 campingeiningar. Vårmarknaden er ein spennande blanding av gamalt og nytt. Veteranbilutstillinga er eit flott skue av gamle, gode veteranbilar og køyretøy. Storstoga tilbyr heimelaga mat, forskjelllige menyar. Arrangørane er Dyrsku-Arrangement og Vest-Telemark Motorhistoriske klubb. Ting du kan finne på marknaden:
  • - Brukt og Antikk
  • - Bil- og Køyretøydelar
  • - Camping og Hytte
  • - Sport og Friluftsliv
  • - Hage og Hagerom
I år er marknaden 14 år, og den er 10.-11. mai selvfølgeleg på Dyrskuplassen i Seljord. Meir informasjon finn du på Dyrskun.no.


dysku 4.JPGHistorie

Seljord ligg i Vest-Telemark. I Seljord finn vi Dyrskuen, som er den største arrangementplassen i Noreg. Det kjem 80 000 gjester til Dyrskuen kvart år. Plassen brukast også til andre ting, musikkfestivalar, hestestemne, landssamlingar og fleire marknader. Totalt er det 170.000 besøkande på Dyrskuplassen i året. Dyrskuplassen har omlag 15 ulike arrangement i året.

På Dyrskuplassen er det gode campingareal, grøntområde, smågater og gardstun. Plassen ligg fint mellom fjell og vatn, det er lett å gå til sentrum og til fine badestrender ved Seljordsvatnet. Yrande folkeliv, mange aktivitetar og godt program kan du finne her.

I Seljord har ein mange års erfaring med å lage store arrangement.
Her kan ein få hjelp til å lage arrangement og få greie på kor ein låne utstyr.

Det heile begynte i 1850-åra med fesjå mange plassar i Telemark. Bønder handla og selde først og fremst dyr, men etter kvart også andre varer. Nokon ville at desse fesjåa IMG_0110.JPGskulle vere på ein fast plass. I Seljord stilte Even Høyesen Nordgarden eit stort område til disposisjon og myndigheitene var einige i at her kunne det vere fesjå.

Frå veldig gamal tid har det blitt gjort funn på Dyrskuplassen. I gamle nedteikningar står det at ein har funne om lag 150 gravhaugar. Ofte var slike gravhaugar lagt til tingplassar og marknadsplassar. Det var der folk traff kvarandre i t.d. gravferder. Der ofra dei og til gudane, og der avgjorde dei tvistemål og handla. Det er funne både våpen og nytte-gjenstandar i desse haugane. Gjenstandane har blitt seld til museum og privatpersonar. Framleis kan det liggje mykje materiale i jorda der Dyrskun-ligg no.




Navigasjonsknapp - heim.gif Navigasjonsknapp forover.pngNavigasjonsknapp - tilbake.png