Eventyrøy
Eventyrøy er ein sportspark der vi kan drive med fotball og friidrett. Eventyrøy blei laga av steinar som kom frå Sunsbarmtunellen, før dei kom var Eventyrøy ei lita øy utanfor Seljord. Dei som brukar Eventyrøy er skulen og idrettslaget i Seljord (SIL) . Skulen brukar det til å ha idrettsarrangement og til gymtimar, og idrettslaget brukar det til fotballtrening og friidrettstrening.

Vi vil kanskje snart ha ein betre fotballbane med kunstgras, og ein betre friidrettsarena, med lengdehopp, sleggekast,
400-metersbane og basket. Sidan vannhøgda av og til er litt høgare en det fotballbanane er, treng me å løfte dei litt. Viss det blir noko av, brukar me steinen frå den nye tunnelen frå Seljord til Hjartdal.

eventyroy.jpg
Eventyrøy





Utepark ved ungdomskulen

I uteparken er det klatretårn, ballbinge, skateramp og ein rund fotballbane og lengdehoppbane. Aktivitetsparken blei opna i fjor sommar av Solveig Abrahamsen.

73347_513539145369270_1174336141_n.jpg
Klatretårn
Klatretårnet er ein pyramide som er ca 9, 50 m høg og under tårnet er det sand som gjer at det ikkje skal vera så vondt å detta viss det skal skje. Men det skal litt til. Tårnet blei lage for alle, men små ungar burde ikkje opp i tårnet, men det er gøy for alle aldere.

Den runde fotballbanen blir brukt til skøytebane på vinteren. Den fotballbanen er av grus, banen blei lagd fordi barneskulen hadde fått pengar av kommunen til å pusse opp framsia på skulen, dei la ny grasplen og lagde veg til banen.

Skateparken er lagd av folk som veit kva dei driv med, og kan skateboard. Skateparken består av eit hopp, ein quarterpipe, ein boks med ein masse rails på. Skateparken er av betong og god for både skateboard og sykkel. Den blei laga fordi eit par elevar frå skulen kom med ideen og syte for at skulen tok det opp med kommunen. I Seljord er det mange som er interessert i skateboard, og det er mange som vil læra å stå, og det er mange som er villige til å lære andre.

I Ballbingen kan du sparke fotball og basket, det er kunstgras i bingen. I bingen pleier det å vere mange som spelar fotball, men det også mange som er der for gøy. Det pleier dessverre å vere mange som pleier å kaste søppel der, men det har blitt mykje mindre av. Bingen er ein bra plass for å øve og bli betre. Bingen kan brukast i skuletida, og det kan alt av andre aktivitetar også.



1865-215-dsc_0007-1.jpg





Navigasjonsknapp - heim.gif Navigasjonsknapp forover.pngNavigasjonsknapp - tilbake.png