Felles Ungdomsklubb Vest-Telemark


rshjul.jpg

Felles ungdomsklubb i Vest-Telemark er eit samarbeid
mellom Seljord, Kviteseid og Vinje som starta hausten 2011 etter ei utfordring om å lage eit fast samarbeid med tilskot frå kommunane, organisasjonar, fond og liknande. Felles ungdomsklubb har eit mål om å skape trivsel gjennom fleire arrangement i året.

Starten

Det starta med eit sportsarrangement i Morgedal i Mars 2011 der 100 ungdomar frå heile Vest-Telemark i aldersgruppa 13-17 år kom saman. Etter arrangementet fekk dei mykje positiv respons frå ungdommar som ønska fleire slike arrangement. Dette danna grunnlaget for «felles ungdomsklubb Vest-Telemark»

Arrangement

I 2012 vart det arrangert Vårball, Minifestival og Halloweenparty.

Vårballet var arrangert på Vinjehust i Åmot og vart knytt til Dansens dag. Helsestasjon for ungdom og Vestviken kollektivtransport hadde stand på arrangementet .

Minifestivalen ble arrangert 16. Juni på Dyrskuplassen i Seljord. På dagtid var det paintballkonkurranse, kunstprosjekt og moglegheit for skating, klatring eller å spele fotball på skuleplassen. På kvelden var det skumparty inne på Dyrskuplassen. Det var stands med representantar frå «skeiv ungdom» med tema om det å væra ung og homofil på bygda. Det var også representantar frå «Vaksne for barn» om det å vakse opp med foreldre med psykiske lidingar og rusproblem.

På hausten vart det arrangert Halloweenparty i Kviteseid. Det var filmvisning, konkurransar og kåring av dei to beste kostyma. Helsestasjon for ungdom hadde og stand.




Ungdomsprest:


Vi har intervjua ungdomspresten Petter Jakobsen i Seljord: Petter.jpg


- Kvifor valde du ei stilling som ungdomsprest?
"Fordi eg ønskte å jobbe med ungdom sidan det er moro å finne på noko med og for ungdom".

- Kva gjer ein ungdomsprest?
"Det eg gjer er å vere tilstades for ungdom og vere i ungdomsmiljøet, og som andre prestar ha gudstenester, gravferdar og bryllaup".

- Kvifor valde du å jobbe i Seljord?
"Ja, det var nokon som spurde om eg kunne tenke meg å jobbe i Seljord mens eg utdanna meg".

- Kor lenge har du jobba som ungdomsprest?
"To år og tre månadar".

- Kva slags spesielle oppgåver har du som ungdomsprest samanlikna med andre?
"Eg har då ansvar for å undervise konfirmantane, drive ungdomsklubben og ha andre aktivitetar saman med ungdom".









Navigasjonsknapp - heim.gifNavigasjonsknapp forover.pngNavigasjonsknapp - tilbake.png