Flyvraka på Skorve


tysk_flyvrak_3.jpgI 1944, mot slutten av 2. verdskrig, styrta det to fly på Skorve. Skorve er eit fjell som ligg 1370 meter over havet. Det strekkjer seg frå Seljord til Flatdal. Flatdal er ei lita bygd i Seljord kommune. Det gjeng mange turløyper over fjellet der du kan kikke på flyvraka.









4FAEC366-F6B2-417B-A7CE-0DAAB7258C1B.jpgPå Sud-Skorve, nær fjelltoppen Gøysen, styrta det eine flyet. Det
var eit amerikansk fly, eit såkalla Liberator bombefly, som skulle sleppe forsyningar til heimestyrkene. Det styrta 9. september 1944. 11 personar omkom. Dei som omkom blei transportert til Seljord og hamna til slutt på ein amerikansk kyrkjegard i Belgia. Utanfor Granvin, Seljord sitt kulturhus, er det reist eit monument til minne om ulykka.










ju52bilde4.jpgLitt over ein månad etterpå styrta det eit tysk passasjerfly av typen "Junker". Flyet ble også kalt «Hermann Stache». Det ligg mot Nord-Skorve ved Hestnutan. 15 personer omkom i denne ulykka. «Hermann Stache» dro fra København den 16. oktober klokka 17.50 med venta landing i Oslo klokka 20.00. Vermeldinga den dagen var ikkje heilt bra. Det var tåke ned til 300 meter og litt regn. Flyet var godt utstyr for blindflyging. Kapteinen ombord, Johannes Schroter, hadde lang erfaring i Lufthansa. Det var 12 passasjerar - to av dei var norske.



nr1.jpg
Alle som var med i flyulykka var unge menn, fra 20-26 år gamle. Grunnen til ulykka er vi ikkje heilt sikre på, men det folk trur skjedde var anten at dei flaug i låg høgde og fekk motorsvikt, instrumentfeil, tekniske vanskar, eller kritiske vêrtilhøve. Ein rapport seier at flyet havarerte under eit forsøk på naudlanding.












til toppen

Navigasjonsknapp - heim.gifNavigasjonsknapp forover.png Navigasjonsknapp - tilbake.png