Folkemusikk


Folkemusikkmiljøet i Seljord er stort. Det er tilbod om både gamaldans, hardingfele, og kveding. Vi har forskjellige lag, for hardingfele er det aspirantlaget, juniorlaget og spelemannslaget.



Hardingfele
DSC_0424.JPG
Hardingfela er eit gamalt, tradisjonelt instrument som er mykje brukt i sosiale samankomstar som festar, bryllaup, gravferder, og på 17.mai.
Det er eit strenge-/strykeinstrument, med 8 strenger, 4 over – og 4 understrenger. Ho er rikt dekorert med roser. I gamal tid vart det forbode å spela hardingfele i kyrkja, fordi ho blei knytt til djevelen og at det var han som spela på ho. Ho vart også knytt til fest og drikking, fordi dei måtte då ha musikk å danse til når dei var i slag. Og dette lika ikkje kyrkja. Men det var gamal tid, i dag er det annleis. Når ein spelar ein song kallast det ein slått.


Seljord Juniorspelemannslag
juniorlaget.JPG
Juniorspelemannslaget er eit lag der ungdommar får eit tilbod om å spela hardingfele saman med ungdommar på omtrent same alder. I Seljord Juniorspelemannslag er vi ca. 15 ungdommar. Av og til får vi speleoppdrag som vi tener pengar på som vi kan spare opp til å reise på tur for. Tidlegare år har vi reist til Irland, Skottland og no sist reiste vi til Frankrike.






Tusseleiken
Tusseleiken er eit dansetilbod for både nybegynnarar og dei som har litt meir erfaring med gamaldans/folkedans. Dei mest vanlege dansane som vi dansar er gangar og springar. Danseundervisninga forgår ein gong i veka. Vi dansar veldig mykje forskjellig, men det mest vanlege er gangar og springar, og nokre gonger polka. Viss dykk har høyrt om dansegruppa Frikar så er det i sama sjangeren. Folkedans er ein pardans der guten styrer jenta, men det kan også dansast som halling/fri form, det dansast til felemusikk. Høgdepunktet i hallingen er då guten skal sparke hatten. Det er sagt om halling at dansen er for at gutane skal imponere jentene og vise kor store og sterke dei er, då dansar gutane åleine. Dansen er mykje bruka som leik og underhaldning.
Seljord tusseleiken.jpg
Tusseleiken, Landskappleiken i Seljord 2011 (frå opningskonserten)


KappleikLK 11.jpg
Ein kappleik er ein konkurranse der mange spelar kvar sin slått (song/melodi) og den som er flinkast og spelar reinast vinn og får ein premie. Det same er det med kveding. Viss det er nokon par som vil danse, blir alle para som er med blir vurdert av dommarane, og det beste paret som dansar vinn. Det er dommarane som bestemmer kven som vinn, dei er gode og erfarne både som dansar/spelemann/kvedarar og som dommarar. På ein kappleik blir ein delt inn i grupper/klasser, D= Eldste, C=13-18 år, B= Frå 18, A= Dei som har vunne B-klassa tre gonger kommer automatisk i A-klassa.
Ein gong i året er det ein Sjokoladekappleik i Seljord, det er som ein veldig liten kappleik. Det er ikkje veldig seriøst og det er ingen som vinn eller tapar. Det er mest unge som er med. Når ein har framført åleine får ein ein liten premie og litt godteri. Viss ein opptrer to eller fleire, får ein berre godteri.



Lyttedøme: Hardingfele

Her spelar Seljord Juniorspelemannslag to slåttar:




Danseklipp


---------------------------- Gangar: --------------------------------------------------------------Halling-------------------------------------------


Springar:





Bildekjelde:
http://www.folkemusikk.no/




Navigasjonsknapp - heim.gifNavigasjonsknapp forover.pngNavigasjonsknapp - tilbake.png