Granvin Kulturhus


541604_513524432037408_722815602_n.jpg
Granvin er sentrum for mange forskjellige aktivitetar her i Seljord. Granvin har et trenings -senter. Med mange reiskap som ein kan halde seg i form med.

Høgda frå golvet til taket i treningshallen er stor. Den kan brukast av alle, for alle mogelige aktivitetar. Den blir brukt av skulen i gymtimane. Sidan ein har alle mogeligheiter for å gjere der. Du kan spele fotball, basketball, handball, volleyball, tennis, badminton osv. Derfor har Seljord Idrettslag stor nytte av denne. Treningshallen kjem med fire garderobar. To for gutane og To for jentene. Så viss behova for å dusje består, er det berre å bruke desse.


539836_513524558704062_1029831798_n.jpg

Granvin har også mange rom som kan bli leigd til forskjellig. Under
desse er det også nokre musikkrom som har alt av utstyr til å lage musikk eller øve med eit instrument. Ein har til og med ein eigen «Box» utandørs som er fullisolert slik at ein får den beste lyden og at ingenting slepp ut når ein er innanfor og lagar musikk. Nokon av dei største romma blir bruka av ungdomsklubben.

Men, juvelen i krona er at Granvin har ein stor kino/teatersal. Granvins bygdekino blir brukt til mange forskjellige aktivitetar. Salen blir brukt til teater. De vil seie at scenen alltid er i bruk til forskjellige framføringar, av alle mogelige artistar som har framføringar her i bygda. Eller at det er nokon som øver i den. Som til dømes teatergruppa. Salen er også ein mobil kino. Det er ein stor og kraftig projektor, og eit stort, kvitt lerret. Slik at ein kan sjå filmar også her i bygda utan at ein må reise til Bø for å sjå ein film. Kinoen viser filmar i både 2d og 3d.



535693_513524295370755_112356401_n.jpg
I sjølve salen er det plass til litt over 205 personer, men ofte så blir det så mange at ein må sitje i trappene og hente stolar og sitje på sidan av scenen. Slike situasjonar skjer ved juleframføringa til barneskulen. Sidan alle familiemedlemmane til alle elevane frå 1-7 klasse kjem. Så det vil seie masse folk. Men det er heldigvis ikkje så mange som må stå eller sitje i trappene, på grunn av alle sitteplassane.



Gå inn på heimesidene til Granvin Kulturhus:



Navigasjonsknapp - heim.gif Navigasjonsknapp forover.pngNavigasjonsknapp - tilbake.png