Idrettslaget

Idrettslaget i Seljord har vore siden 1902, og i dag er det over 600 medlemmer med. Både unge og vaksne er viktige i idrettslaget og vi oppmodar alle til å bli med. Idrettslaget er ein god moglegheit til å kome seg ut og trene, og å ha det gøy saman med andre! For å vere medlem av idrettslaget treng ein berre vere 5 år. For dei aller minste, er det barne-idrett som blir leia av hyggelege elevar frå folkehøgskulen her i Seljord.
Idrettslaget arrangerer fotball-cupar, hestestemne og har fleire dugnader for å få inn pengar. Derfor har dei veldig god økonomi, særleg med tanke på at idrettslaget eig lokala sine sjølv. Ein av de årlege dugnadene er på festivalen Dyrskuen. Der får alle medlemmene av idrettslaget utdelt ei oppgåve, som å plukke søppel eller jobbe i ein mat-kiosk. Desse små jobbane er ein fordel for alle, for dei som jobbar får gratis mat og inngang, og idrettslaget får inn mykje pengar til å bruke på alt mogleg dei har bruk for. Alle er velkomne til å vere med, og ingen blir stengd ute.
Under står det litt om dei forskjellige idrettane.


Ski

DSC04471utsiktfråRaudkleiv.JPG

I Seljord har vi fine skimoglegheiter. Det er mogleg å vera med på både skitrening og skikarusell oppe på det nye skianlegget i Raudkleiv. Aldersgrensa for skitrening er frå 2. klasse og oppover. På sommartid er det rulleski. Skikarusellen er for 1.-5. klasse, der dei går lysløypa ein gong i veka gjennom vinteren i Raudkleiv. På skitrening brukar det å vere ca. 20-30 personar med.






Fotball


fvhnadsjkvdkv.jpgFotballen i Seljord er veldig bra arrangert og har lag for dei fleste. Du kan starte på fotball i 1. klasse og kan vere med ganske lenge. Me har barnelag, ungdomslag og eit A-lag. Treningane er ute på Eventyrøy, som er fotballbanen i Seljord. Og om vinteren er det trening inne på Granvin kulturhus i idrettshallen. På fotballen er det mange kampar, cupar, tilstelningar og deltaking på
Norway Cup. Cupar som arrangerast i Seljord er Seljordcupen, det er også mange andre cupar som Høydalsmocup og Vinjecup. Norway Cup reiser me på kvart år, om det er lag til det. Skal du bli med på Norway Cup må du gå på ungdomsskulen. Fotballgruppa er samla og har eit veldig godt miljø.


Handball


hjvbh.jpg
Handball er også ein av dei organiserte aktivitetane i Seljord. For å vere med på handballen må du vere mellom 7 og 14 år. Om du gjeng på handball er det kampar, cupar, avslutningar og handballskule. Handballskulen blei i fjor arrangert i Seljord og blei ein stor suksess, mange meldte seg på og var kjempenøgde. Handballen er om hausten, vinteren og våren, treningane er inne i hallen på Granvin kulturhus. Seljord har mange flink trenarar. Det er veldig moro å vere med på handballen i Seljord, fordi dei reiser på ein del cupar og kampar.





Om du vill vere med på fotball, handball, skitrenig eller friidrett kan du melde deg på ved å ringe til idrettslaget Seljord, eller så kan du kontakte ein av representantane for idrettslaget eller fotballen.
Idrettslaget har også tilbud om rideskole, det kan du lese mer om HER.




Navigasjonsknapp - heim.gif Navigasjonsknapp forover.pngNavigasjonsknapp - tilbake.png