Jakt og Fiske ungdomsgruppe


Birk.JPG
Birk Aufles (medlem)
Å vere med i Jakt- og Fiskelaget er ein friluftsaktivitet. Det handlar om å vere ut i naturen for å få frisk luft.

Ein dreg på kanoturar og fisketurar, og laget oppmodar til å dra på hyttetur på Lifjell.

Ein dreg på forskjellige turar, både korte og lange rundt i Telemark eller rundt om i heile landet.

Vanlegvis er det ein stor tur ein gong i året.





Vi har intervjua Birk Aufles, som er med i Jakt - og Fiskelaget.

- Kva går det ut på å vere med i Jakt- og Fiskelaget, for ein ungdom?
"Når du er med i jakt og fiske, så er du glad i å vere ute og ha det koseleg, grille, fiske, jakte og av og til padle kano".
last ned.jpg

- Kva er den beste turopplevinga du har hatt?
"Det var på Finnmarksturen kor eg og fire andre fekk fisk på likt og fiskane var like lange alle saman".

- Kva var det de gjorde på turen til Finnmark?
"Vi fiska og gjekk turar, vi gjorde det vi ville. Vi måtte alltid gå 2 og 2 og alltid seie i frå kor vi skulle. Vi gjekk og fiska nesten hele tida, og vi tente bål og fortalte skrøner til kvarandre".

- Når er det turane brukar å vere?
"Det er ikkje regelmessige turar, det kommer an på om det passer for vaksne og at nok av oss ungdommar vil".


Navigasjonsknapp - heim.gifNavigasjonsknapp forover.pngNavigasjonsknapp - tilbake.png