Kulturskulen

Er du interessert i musikk, dans eller teater? Da er kulturskulen i Seljord noko for deg. Det er eit godt fritidstilbod som alle kan nytte seg av, både liten og stor, uavhengig av kor mykje erfaring du har frå før.

Klas.JPGKulturskulen i Seljord har nå over 130 elevar, og likevel er det venteliste på både gitar og slagverk. Dette viser at musikken er veldig populær tross lita bygd. Lærarane meiner at dette kan vere fordi mange blir inspirerte av andre og kanskje litt eldre elevar som er med, og også at dette er ein med på frivillig. Det er ingen som trugar deg til å vere med, men noko du velgjer å gjere sjølv. Da blir motivasjonen større, det blir meir morosamt. Seljord har satsa på kulturskulen, og ein trur at det å drive med kultur har vore populært i bygda lenge før kulturskulen blei til.

Lærekreftene i kulturskulen kan også vere ein av årsakane til at så mange vel å vere med. Alle dei 15 lærarane er aktive musikarar sjølve. Det er liten utskiftning, og mange av dei er så engasjerte at dei kjører lange strekningar for å undervise.
Seljord kommune har vedtatt å prioritere folkemusikken i kulturskulen for å ta vare på dei sterke tradisjonane i bygda. Derfor er det både 2 og 3 lærarar på hardingfele, og det er tilbod om hardingfelegrupper og grupper i gamaldans. Dette kan du lese meir om på sida om folkemusikk.

Musikkbingen.JPGAlle øvingslokala for kulturskulen er på Granvin Kulturhus. Og mange av dei blei pussa opp for berre nokre år sidan. Har du lyst til å spele musikk på fritida, men ikkje har lokale å vere i kan du låne musikkbingen på Granvin når dei har ope. Bingen er eit lydtett lokale som er utstyrt med lydanlegg, mikrofonar, eit trommesett, 2 gitarar og eit keyboard. Denne er også ganske ny, og blir også mykje bruka i undervisninga.
Kulturskulen arrangerar faste konsertar i løpet av året. Fyrste halvåret er det høstkonsert og jolekonsert, og om våren er det eit teaterstykke som blir framført av teatergruppa, ein akustisk konsert og ein avlutningskonsert rett før sommarferien. I tillegg blir det og satt opp større og mindre prosjekt som elevane jobbar mot i løpet av året. Men alt dette er så klart frivillig, så du er ikkje nøydt til å vere med på konsertane sjølv om du har undervisningstimar.

Elevane får stor fridom når det gjeld kva dei skal lære i løpet av året. Ein kan velge mykje sjølv, og så kjem lærarane med innspel når dei vil.
Under fylkesmønstringa i UKM 2013 var det til saman 5 innslag som kom vidare til landsmønstringa i Larvik, og heile 2 av desse innslaga var frå Seljord. Nedanfor ligg det ein link til eit intervju med sangaren frå bandet Binders som skal til Larvik.

Intervju med Malin Aarhus

Er dette noko du synest høyrast morosamt ut er det bare å melde seg på. Da går det an å ringe til Tore Sognefest, kulturskulerektoren i Seljord.



Her er litt informasjon om dei enkelte tilboda i Kulturskulen:


  • KVEDING: Her er det høve til å koma inn i Telemarks rike kvedartradisjon
  • SONG: Opplæring i stemmebruk og songteknikk. Det kan arbeidast med songar i ulike tradisjonar.
  • STRYKEINSTRUMENT: Undervisning blir gjeve på hardingfele, fiolin og bratsj. Det kan òg gjevast grunnopplæring på cello. Fiolin og hardingfele kan leigast av kulturskulen. Det er høve for alle som spelar hardingfele til å søkje om opptak i juniorspelemannslaget.
  • BLÅSEINSTRUMENT: Her er det fleire instrument å velje i. Undervisning kan bli gjeve på kornett, trompet, horn, trombone, baryton, saksofon, fløyte og klarinett. Instrument kan som oftast leigast gjennom korpsa.
  • PIANO: Kulturskulen vil sterkt tilrå at eleven har piano heime. Dersom eleven ikkje kan disponere piano i fritida, kan keyboard brukast i ein startfase. Kulturskulen kan gje råd om innkjøp.
  • GITAR/BASS: Undervisning blir gjeve på akustisk gitar, el-gitar og el-bass. Det arbeidast med forskjellige sjangrar, men hovudsakleg innanfor rytmisk musikk (pop, rock, blues) Eleven må disponere instrument sjølv. Dei elevane som søkjer el-gitar og el-bass bør også disponere forsterkar heime.
  • TREKKSPEL: Undervisninga blir gjeve både på knappespel og pianospel. Undervisninga kan i nokre høve bli knytta opp mot samspel med juniorspelemannslaget.
  • SLAGVERK: Det blir gjeve grunnopplæring på skarptromme. Det er også høve til å lære trommesett, latinamerikansk perkusjon og litt melodisk slagverk. Øvingstromme kan lånast av kulturskulen, men eleven bør etter ei tid disponere instrument sjølv.
  • BARNEKOR: (t.o.m. 6. klasse): Barnekoret er ein fin stad å starte dersom ein er glad i å synge og om ein seinare vil lære å spele eit instrument. Koret deltek på ymse konsertar og arrangement i løpet av eit skuleår.
  • JUNIORSPELEMANNSLAG: Dette samspeltilbodet i folkemusikk er for deg som vil spela hardingfele. Undervisninga er knytta opp mot Seljord spelemannslag.
  • BAND: Dette er eit tilbod for elevar som har spelt ei stund. Samstundes gjev det høve til å praktisera det ein har lært tidligare.
  • KORPS: Dersom ein vil spele blåseinstrument eller slagverk i kulturskulen kan ein også bli aspirant i enten Flatdal skulekorps eller Seljord skulemusikk. Korpsa har eigne opptak.
  • MUSIKKPRODUKJSON: Dette er eit fint tilbod for dei som ikkje spelar instrument, men likevel har interesse for musikk. Her kan ein lage musikk og lydkomposisjonar med utgangspunkt i data og eigen kreativitet.
    Tilbodet er frå 8.klasse og oppover.

Sist oppdatert 04.12.2009


Navigasjonsknapp - heim.gif Navigasjonsknapp forover.pngNavigasjonsknapp - tilbake.png

Kilde:
http://www.seljord.kommune.no/Tenester/Tenestekatalog/Skule_og_utdanning/Kulturskule/Tilbod.aspx