Kunst

Kunstlåven i Seljord, er oppretta og laga til og av Seljord Kunstforeining.

kunstlåven.JPGFør 1981 var bygningen ein husmorskole, men kunstforeininga overtok den i 1981, og da blei det eit bygg for kunstutstillingar. Den fyrste utstillinga var i 1995.

Kunstlåven ligg plassera midt i sentrum og har plass til kunst og utstillingar i sine fire etasjar.
Det er veldig mange forskjellige utstillingar i løpet av eit år. Låven har også en silo som de også har utstillingar i. Utstillingane er som oftast veldig spennande

Dei fleste utstillingane er frå lokale kunstnarar
frå Seljord og rundt om i nærområdet.


austenfor sol.JPGSkulpturar:

«Austafor Sol» er ein skulptur i «tre delar»
Den er i fargane svart og kvit, og står utanfor Kunstlåven.

«Bølgjen» er ein skulptur som står utanfor Granvin, Seljords kulturhus.
Den er høg, og tynn, og den er delt inn i mange «stenger» som står rett opp. Farga på skulpturen er rød.

«Flyulykkeminnesmerket» er eit monument til minne om flyulykka som skjedde i 1944 på Skorve. Den står på høgre side av Granvins hovudinngang.

005.JPG

«Hermannsbauten» er eit monument til minne om bondeopprøret på 1540-talet.

«Inn» er ein skulptur som står ovanfor, men litt lenger vekk frå kyrka i Seljord.

«Landstandmonumentet» er eit monument til minne om om Magnus Landstad, ein prest frå 1880-tallet. Denne står rett utanfor kyrka.

«Rådyr» er en skulptur som står utanfor gamleheimen oppi Heddeli.

«Samtalebenken» er ein skulptur av ein benk,som stende midt i sentrum.

«Sterke Nils-steinen» er ein skulptur av ein stein som det seiast at Sterke-Nils kasta.

«Tuft» er ein skulptur laga av steinar. Den står midt på skoleprojekt2013.jpgSeljord Camping, og liknar Stonehenge.

«Ved Nesbukti» er ein skulptur som står nede ved Nesbukti,
som er ein gamleheim på Moen. Ein kan sjå denne gamleheimen
frå den lange brua når ein køyrar hovudvegen.

«Vegskiltsskulptur» er ein skulptur eigentleg berre blei laga for å vise at ‘dette’ er eit veikryss. Det er tre kyr som står og peikar inn mot Seljord sentrum, frå hovudvegen.

«Viggo Ullmann» er eit monument som står utanfor barneskulen for å minne om akkurat, Viggo Ullmann, som var den første rektoren på Seljord barneskule.


Intervju med Trygve Barstad:

IMG_1155.JPG- Kva er attraktivt med Seljord for kunstnarar?
"Målerane blir inspirert av landskapet og soger. Før i tiden, for lenge sia, kom dei utanfrå og det var folkekunsten som inspirerte. Det er på ein måte ein tradisjon å halde på med kunst i Seljord".

- Korleis er det å være kunstnar i Seljord?
"Det er fleire kunstoppdrag på bygda enn i byen. Og det er garantert ein fordel, så det er veldig bra å være kunstnar i Seljord".

- Er det mange andre som driver med det same som deg?
" Det er 3-4 stykk som driver med det same i Seljord".

- Kva for måte går du frem på når du skal lage kunst?
"Eg går fram på veldig mange forskjellige måtar. Men når eg, for eksempel, skal lage store ting, startar eg med å lage små skisser som er på lik størrelse som ein fyrstikkask. Men når ein skal sitte og fantasere og finne ut kva ein skal lage må ein passe på at ikkje hovudet låser seg så du kan spinne tankane rundt. Eg byrjar som regel med å lage små skulpturar av det eg skal lage".




- Kor/Kven får du inspirasjonen frå?
"Inspirasjon kan dukke opp når som helst. Eg får veldig mykje IMG_1153.JPGinspirasjon av meg sjølv og frå fantasien òg, sjølvsagt".

- Korleis lagar du kunstverkane dine?
"Det er mykje, veldig mykje matematikk og beregningar som er innblanda. Eg brukar veldig mykje metall, og litt tre, når eg lager skulpturane mine".

- Kan du fortelle litt om kunstverka dine rundt om i nærområdet?
"Eg har laga «Vegskiltsskulptur» i vegkrysset inn til Seljord ifrå hovudvegen. Det er den einaste skulpturen eg har fått noe spesifikk beskjed om korleis utsjåandet skulle vere. Vegvesenet sa at «Den skulle bli sett, men ikkje lagt merke til av sjåførane».
Eg har også laga eit av fire kikkeskåp her i Seljord".

"Eg har også laga kommunevåpenet. Fra gammalt av var det vanleg med sjøormen og da var det lett å bruke det. Logoen skal fungere best på brevark. For litt sia laga eg også ei ku av snø, i Kviteseid".

- Har du hatt kunstverka dine til utstilling på Kunstlåven?
"Nei, det har eg ikkje".

- Når byrja du som kunstnar?
"Eg byrja på handverkskole som 23-åring. Når eg var ein liten gut, var det veldig mange kunstnarar i Flatdal. Så kvar sommar var det veldig mange maleriar hengjande og ståande ute. Eg gjekk alltid å beundra dei".

- Kvifor trur du det bur så mange kunstnarar i Seljord?
"Eg trur dei blir tiltrukne av det kunstnarmiljøet som er her frå før av".

til toppen



Navigasjonsknapp - heim.gifNavigasjonsknapp forover.png Navigasjonsknapp - tilbake.png