Kyra frå Cow Parade


Photo 11.04.13 09 40 02.jpg
Ei av kyra utanfor Dyrkuplassen
Cow Parade har sidan starten i Zürich i 1998 inspirert kunstnerar over heile verda til å lage fargerike og fantasifulle kyr. Glassfiberkyr i naturleg storleik blir dekorert av lokale kunstnerar og stilt ut på gater og torg i store byar verda over. Kvar ku har ein bedrift som vert. Cow Parade støttar samtidig eit veldedig formål. Etter utstillinga auksjonerast kyrne bort og 75 % av inntektene går til ulike tiltak. Cow Parade 2006 står for Noregspremiera.










Ku 2.jpg
Ei av kyrne som var på utstilling i 2006

På Cow Parade Telemark 2006 deltok mellom anna Buenos Aires, Wisconsin, Boston, Edinburgh, Denver, Lisboa og Mexico City. CowParade Telemark 2006 var ikkje som andre parader. Dei tilførte det urbane fenomenet ein ny dimensjon. Kyra skulle ut på landet, og bli plassera i ein heilt ny kontekst. 30 kjente og ukjente kunstnerar, samt 30 bedriftsleiarar blei involvert i CowParade Telemark 2006.med Buenos Aires, Wisconsin, Boston









Me fekk eit intervju med Margit Nordstoga Aasan, som er stabsleiar hos Dyrskun AS:


Margit.jpg
Margit Nordstoga Aasan

- KVA VAR COW PARADE?
"Det var eit internasjonalt kunstprosjekt, som gjeng både i USA og Europa. Det gjeng ut på at dei produserar plastkyr. Da blir ein invitert til å dekorere kyrne, og det er både amatørar og kunstnarar som tek del. Denne konkurransen har vore i store verdensbyar, og så søkte Seljord om få lov til å ha ein utstilling i samband med jubileet til Dyrskun. Då sendte Dyrskun AS invitasjonar til prosjektet, og det ble sett opp ein jury som sendte ut desse".

- TRUR DU AT DET KJEM TIL Å VÆRE I SELJORD FLEIRE GONGER?
"Nei, fordi det er ein vandrerutstilling, så det er nok ikkje ein plass to gonger. Det var også ein auksjon av kuene på Dyrskun 2006. Overskotet av denne auksjonen gikk til eit veldedig formål. Pengane gjekk til eit prosjekt i Afrika av utviklingsfondet".

- KOR MANGE KYR VAR DET SOM VAR PÅ UTSTILLINGA TIL SAMAN?
"Ca. 30".

- HAR DE PLANAR OM LIKNANDE PROSJEKT SEINARE?
"Vi har ikkje hatt det som tema, men vi har eit jubileum i 2016. Då er Dyrksun 150 år, og då må me finne på noko ekstra. Men om det blir noko liknande, vet eg ikkje".

"Det var meininga at me skulle lage kyrne i miniformat, men det har eg ikkje høyrt noko meir om. Det var jo ein ku som blei halshogd. Den sto i Vinje. Halshogginga var ein protest frå kunstnarar som ikkje syntes at det var kunst når det vart sett grenser på kunsten. Det vart ei stor mediesak i VG og Dagbladet".

"Nikolai Riise hadde ansvaret for prosjektet. Kyrne kosta ganske mykje, og me fekk noko støtte frå folk som ville vere vertsskap for kyrne".



Navigasjonsknapp - heim.gif Navigasjonsknapp forover.pngNavigasjonsknapp - tilbake.png