external image eldhus_25lifjellH.jpgLifjell


Lifjell er eit stort fjellplatå som strekker seg mellom Seljord, Notodden og Bø. Det tek ca. 20 minuttar å køyre frå sentrum og opp til Grimås, og derifrå tar det ein halvtime og gå til toppen. Det er mange forskjellige turar på Lifjell ein kan gå. Under får du nokre eksempel:



Tjorbu, som ligg eit lite stykke inne på Lifjell, er ein fin tur å gå. Turen tek ca. 1 1/2 time frå Grimås og turen egnar seg både sommartid og vinterstid. Tjorbu er ei felles hytte som ein kan leige om ein er medlem av Seljord Jakt- og Fiskarlag, men ein kan uansett sita der og fyre bål.

Terningkast:

external image 4nye.png



Ein annan tur er over til Bø i frå Seljord. Denne turen tar ca. 3 1/2 time på ski, og 5 timar på beina. Når ein kjem halvvegs til Bø, kan ein ta ein tur innom Hollane og kjøpe seg ein kaffikopp og ein vaffel. Turen er høgt anbefalt på grunn av den fine naturen rundt, og at den ikkje er så tung å gå.

Terningkast:
external image terning_5.jpg



Viss ein har lyst å ta ein liten topptur på Lifjell så er store Grimaren eit godt val. Turen tek ca. 1 time og har godt merka løyper. Viss du likar å plukke molter, er det eit bra molteterreng på veg opp til toppen. Turen er veldig fin og lett å gå.

Terningkast:
external image 4nye.png



Er du glad i å fiske, har Lifjell mange gode fiskevatn. Nokre av dei er Tvitjønnan, Tjønnstaul, Tjorbuvatnet, Holmtjønn og Grantjønn. Alle desse vatna er gode fiskevatn.

external image terning_5.jpg
Tvitjønna er ein 45 minuttars tur i frå Grimås. Tjønna ligg i ein dal og er delt på 2 mindre vatn - nedre Tvitjønna og øvre Tvitjønna. Det ligg eit båthus ved nedre Tvitjønna og der kan ein låne båten til å fiske med. Begge vatna er utmerka fiskevatn både på sommaren og vinteren.


external image images?q=tbn:ANd9GcR82fbsSUVVEPBgq60J89n8_gMo6Ytfe2JFYxTcfPPLcFqE95K99wTjønnstaul anbefalast på det sterkaste å besøke. Tjønna ligger i ein dal med nydelig natur og vatnet er eit utruleg bra fiskevatn. Turen tek ca. 1 time i frå Grimås. Det er ikkje bra sti men det er veldig greit å finne fram: Viss ein går opp stien, kjem ein til ein stad der stien delar seg, og der skal ein ta til høgre til ein kjem til ei anna tjønn som heiter Holmtjønn. Når ein kjem dit, går ein rundt på venstre side til ein kjem til den andre sida. Der skal ein sjå ein liten bekk. Følgj bekken til det kjem ei lita myr. Ved myra er det ein kul på andre sida, og når du kjem opp til den ligg Tjønnstaul nede i dalen.



Navigasjonsknapp - heim.gifNavigasjonsknapp forover.pngNavigasjonsknapp - tilbake.png