Nordigard Bjørge


Garden Nordigard Bjørge ligg
Bilde SOMMER.jpg
Gårdsplassen
sentralt i Seljord med utsikt over Seljordsvatnet. Garden er hovudsakleg ein gjestegard, men dei har også mange andre aktivitetar tilgjengeleg for besøkande. På garden kan du kome i kontakt med både natur og dyr. Heimelaga Telemarkis, lokal mat, ponniriding, turstiar, gardskafe, gardsdyr, kanintur og leikeplass er noko av det Nordigard Bjørge kan tilby.










Stabbur.JPG
Stabburet

Garden har eit allsidig dyrehald med mellom anna Telemarkskyr, hest og høns. Det er kort avstand til både badestrand og sentrum. Garden drivast av Leiv og Solrunn Bjørge, som bur i hovedhuset. Sonen Vemund bur i nyhuset saman med sambuaren Hanne og deira to barn, og dattera deira, Linn, bur i tredje etasje av storstova. Tre generasjonar driv saman, og ynskjer alle velkomne til gards.











Kuer.JPG
Telemarkskyra

Hos Nordigard Bjørge har dei mange forskjellige dyr. Dei har 10 av 333 telemarkskyr som er igjen i verda, og dei er gardens stoltheit. Dei har ein liten flokk med sauer av rasen gamalnorsk sau. På garden har dei også to hestar, to
afrikanske dverggeiter, 10 dverghøner, 25 store høner, 4 kaninar og 2 katter. Besøkjande kan sjå på alle dyra på garden, og dei fleste dyra likar å få oppmerksomheit frå menneske.









Me fekk eit intervju med Leif Bjørge, som er dagleg leiar for garden:

Leiv Bjørge.jpg
Leiv Bjørge, dagleg leiar hos Nordigard Bjørge

- KOR LENGE HAR DE DRIVE GARDEN SOM EIN GJESTEGARD?
Sidan 1991

- OMLAG KOR MANGE BESØKJANDE ER DET I ÅRET?
Ca. 5000, og dei fleste av desse er nordmenn.

- KAN DU FORTELJE OM NOKON AV ATTRAKSJONANE DE HAR HER PÅ GARDEN?
Telemarkskyr er det mest attraktive, men me produserar også vår eigen is, også at me har eit stort spekter av forskjellige dyreslag. Noko som er veldig populært og som er noko av grunnen til at folk kjem til dyrskun, er låvedansen. Ein anna grunn er det vakre kulturlandskapet.


- KOR MANGE DYR HAR DE PÅ GARDEN?
Telemarkskyr, hestar, villsauer, kaniner, kalkuner, høner, kattar, hundar og to afrikanske dverggeiter

- HAR DERE PLANER OM Å UTVIDE GARDEN ELLER LIKNANDE?
Ja, med gardsbutikk, både souvenir og lokalmat.

- KVA SYNAST DU ER MEST ATTRAKTIVT MED SELJORD FOR TURISTER?
Dyrskun og dyrskuplassen. Seljord er eit knutepunkt og ei veldig vakker bygd. Det er mange som drar i same retning i Seljord, t.d. "Seljord og Sogene".



Les meir om Nordigard Bjørge HER:


Navigasjonsknapp - heim.gifNavigasjonsknapp forover.pngNavigasjonsknapp - tilbake.png