seljord camping 2.jpg
Seljord Camping ligg ved Seljordsvatnet og i Seljordsvatnet er den attraktive sjøormen Selma. Seljord camping er ein familievennlig stad. Der er fint og bade og ein kan også vere ute på vatnet med kano og tråbåt. Ved sida av Seljord camping ligg sjøormtårnet der ein også kan sjå etter sjøormen Selma.

Folk kjem ofte hit i festivalhelgene og til andre arrangement. Då plagar det å komme fleire tusen folk hit, og då er hotellet ofte fullbooka. Då er campinga eit fint alternativ, og overnattinga blir heller ikkje for dyr.

Campingplassen ligg veldig idyllisk med Seljordsvatnet med utsikt. Sentrum ligg også veldig nærme, og det er ikkje mykje trafikk.Plassen er også veldig trygg og barnevennleg. Mange aktivitetar for barn, du kan til dømes leige båtar og syklar, og det er to leikeplassar der. Ein kan også leige hytter.

Dei fleste som kjem hit reiser veldig fornøgde heim att og kjem som oftast tilbake. Det har blitt eit reisemål for veldig mange om sommaren. Dette er også ein fin moglegheit for å lære ungar å fiske og å tenne bål, det er ei god oppleving full av spenning.

Ungdommar kjem også på leir hit frå utlandet, som til dømes Frankrike, for her kan dei oppleve norsk camping. Dette er ein plass der ein kan få mange gode minne og naturopplevingar.



Her kan de besøkje heimesida:

http://www.seljordcamping.no/


seljord camping 1.jpg



Navigasjonsknapp forover.pngNavigasjonsknapp - tilbake.pngNavigasjonsknapp - heim.gif