Seljord Hotell

asdfghjklunicorn.jpg
Hotellet kom i drift i 1857. Hotellet var veldig populært fram til krigen og det var også mange arrangement der. Då krigen starta, tok tyskarane over og laga det om til ein husmorskule, men i 1987 brann kjøkkenet på hotellet og hotellet kom ikkje i drift før i 1990.

Det er litt vanskeleg å halde hotellet i gang fordi dei må skilje mellom «sommardrift og vinterdrift». På sommaren er det mange arrangement i Seljord så då er det veldig mange som vil overnatte på hotellet. På vinteren er det ikkje så mange besøkjande for då er det ikkje så mange arrangement slik som på sommaren.

Det er sagt at det spøkar på hotellet, og dei seier at det går ei gammal dame i gangane. Det et er ein historie om ei jente som var forelska i ein seljording, men som ikkje kunne vere med han og blei då forsvunne og ingen fann ho igjen. Besøkande har m.a. opplevd at kleda deira har blitt kasta ut av skåpet og at dusjen har skrudd seg på, på eit spesielt rom, og nokon meiner at dei har sett noko utanom det vanlege.
Seljord hotell har 21 rom og kvart rom har eit spesielt namn som gjenspeglar hotellet si historie. I spiselsalen er det plass til 70 personar og dei har eit koseleg bibliotek og daglegstove. Hotellet organiserar slik at besøkjande skal få eit minnerikt besøk som er veldig positivt om Seljord hotell.

Her kan du besøkje heimesida:

http://www.seljordhotel.no/



Navigasjonsknapp - heim.gifNavigasjonsknapp forover.pngNavigasjonsknapp - tilbake.png