Teatergruppa i kulturskulen


I kulturskulen er det mykje å velje i og eit av alternativa er å velje teater. Teater er ein sosial aktivitet for ungdom. Det er sju år sidan den første forstillinga det er 10 ungdommar som er med i år. Kvart år så begynner teatergruppa på eit nytt skodespel, og i år er det Emil i Lønneberget som står for tur.


Er du glad iteatergruppa.jpg skodespel, drama og leikar er teatergruppa i Seljord noko for deg. Eg fekk intervjue Ingunn Haugland som jobbar som instruktør i teatergruppa i Seljord.

Aldersgrensa for å vere med er frå 8 klasse – 18 år.
På øvingane har dei leikar og dramaøvelsar, men det dei jobbar mest med er stykket dei skal vise fram som er Emil i Lønneberget i år. Dei øver på Granvin kulturhus i Kinosalen kvar onsdag. I løpet av året er det et par helgeøvingar også.

Dei brukar å begynne etter haustferien og viser det fram litt etter påske, men i fjor var det ei joleforstilling ”Reisen til julestjernen”. Det er to vaksne som er instruktørar, Ingunn Haugland og Gunn Steinstad
Eivind, abdi, cecilie, signe.JPG

Dei fordelar på arbeidet og Gunn fiksar musikken, og Ingunn har ansvaret for
rekvisittar og begge har ansvaret for regien .
Ingunn har vore med i alle år, og ho synest alle åra har vore kjempemoro.
Men viss ho måtte velje så synest ho at ”Den spanske Flue” som var
i 2009/2010 var eit spesielt morosamt år.

Ingunn gler seg veldig til å vise
fram Emil i Lønneberget, ”Når alt er på plass og me nærmar oss
framsyning, det er det aller morosamaste med denne jobben.”
seier Ingunn, ho oppmodar andre
ungdomar som likar å leike og stå på scenen
å begynne i teatergruppa!

Eivind Hagen Kvalem og Signe Marie Aase går på teatergruppa i Seljord. Eivind har vore i teatergruppa i 2 år og synest det er moro. For Signe Marie er dette det fyrste året i Teatergruppa, I stykket Emil i Lønneberget så er Signe, Vesle Ida, og Eivind er Alfred. Dei synest det er litt vanskeleg å spele, men dei synest det er moro. Signe Marie er litt usikker på om ho vil fortsette til neste år, fordi ho synest ho ikkje har tid til det. Eivind trur han skal fortsette. Dei gru - gledar seg litt til å vise det fram, men det blir godt å bli ferdig og, seier dei. Dei anbefaler ungdom å starte i teatergruppa. Det dei likar best på øvingane er oppvarming med mange dramaøvingar og leikar.



Navigasjonsknapp - heim.gif Navigasjonsknapp forover.pngNavigasjonsknapp - tilbake.png