Ungfolk er ein sommarleir for folk som er interesserte i folkemusikk, gitar, dans, kveding og hardingfele.


Ungfolk er for barn og unge i frå alderen 8-20 år. Det blir arrangera annankvart år i Seljord og Kviteseid. Det har blitt arrangera sidan 2003.

Til overnatting kan du få enkeltrom, dobbeltrom og UngFolk kan også ungfolk.jpgtilby eit større fellesrom visst det ønskjast. Det er både ungdom og leiarar som overnattar på staden. Prisane for sommarleiren varierar avhengig av om du skal sova der, eller ikkje. Med overnatting kostar det 2400,-

Har du søsken som også skal på ungfolk blir det 1800,-. Om du skal sova heime og ikkje på leirstaden kostar det 1300,-. Du kan søke om støtte til betaling for leiren i ditt lokale spelemannslag eller dansarlag, og det er mange som får påmeldinga støtta.

Dei åra det blir arrangert i Seljord er det på folkehøgskulen som ligg ovanfor Dyrskuplassen. Er det i Kviteseid er det på Granlien.



Eg intervjua Sara Fjågesund Aase om ungfolk, fordi ho var leiar der for eit par år sidan og veit mykje om UngFolk:

"Talet på folk som brukar å vera med er veldig forskjellig fra år til år. I starten var det ca. 20 stk., og nokre år etter blei det opptil 60 stk. Sist år var det rundt 30-40 stk".

På fritida brukar dei å spela fotball, innebandy, bade og reise på museum rundt om kring i Telemark. I tillegg reiser dei til Telemarkfestivalen i Bø, der dei held ein liten konsert og høyrer på andre artistar som spelar. Dei i alderen 8-10 år leikar for det meste ute. Ho sa at det var mykje undervisning, frå morgon til 15-16 tida på ettermiddagen, men det er små pauser innimellom.

Sara synest at Ungfolk er ein vellykka sommarleir, og synest at folk blir godt kjent, og kjenner kvarandre att når dei er på kappleikar. Mange held kontakten etter Ungfolk.

Sara trur at ungdommar kosar seg på ungfolk ei lita veke om Ungfolk, prosjekt veke.jpgsommaren fordi dei kan drive på med hobbyen sin. Sommarleiren varar frå tysdag til laurdag, men det er snakk om at det skal bli endra frå tysdag til søndag.

Sara vil anbefale å reise på ungfolk dersom du er glad i folkemusikk og folkedans. Det er forskjellige grupper på Ungfolk; nybegynnar og vidarekommen.



Her kan de finne meir informasjon om UngFolk
Kilde og bilde: http://www.ungfolk.no




Navigasjonsknapp - heim.gifNavigasjonsknapp forover.png Navigasjonsknapp - tilbake.png