Ungdomsklubben


Vi har intervjua ungdomsprest Petter Jakobsen om ungdomsklubben.


Petter prest.jpg
- Kva er det å gjere på klubben?
"På klubben kan ein danse, spele playstation, airhockey, fusball, bryte mot kvarandre med sumobrytardraktene våre og snakke saman".

- Korleis er klubben organisert?
"Den er organisert med eit klubbstyre med representantar frå ungdomskulen og ungdomspresten".

- Kva for ei aldersgruppe er klubben for?
"8.klasse til ein fyller 18 år, men den er mest brukt av 8-10 klasse".

- Kva slags aldersgruppe brukar å vere på klubben av 8-10. klasse?
"Det er ofte nokon fleire frå 8. og 9. klasse enn 10. klasse, men det varierar".

- Har klubben nokre spesielle
Kollasj klubb.jpg
arrangement? Til dømes temafestar?
"Klubbstyret prøver å finne på noko frå gong til gong, nokon gonger er det vanleg klubb med konkurransar, men andre gonger prøvar vi ha spesielle kveldar som grilling ute".

- Når er klubben open?
"Ca. annankvar fredag frå sju til elleve".

- Kan du fortelle om klubben?
"Ja, vi held til på Granvin der vi har eit disco-rom, eit mindre rom med sacosekkar der ein kan sitte å snakke og eit spelerom".



Ungdomsrådet


Håkon og ingrid.jpg
Håkon Aase og Ingrid Gjerlid
Vil du ha politisk makt? I Seljord får ungdommen fram det dei meiner i ungdomsrådet.
Du blir valt inn i ungdomsrådet, gjennom val i klassa di på ungdomskulen og på vidaregåande.
Det er vanlegvis 4 møter i året. Saker dei har uttala seg om er mellom anna aktivitetsparken framfor skulen i Seljord og skianlegget i Raudkleiv. Dei har og gjeve 10 000 kroner til å pusse opp ungdomsklubblokala.
Det finnast og eit Telemark Ungdomsråd. Der møtast alle råda i kommunane, og dei har 3-4 møter i året.




Navigasjonsknapp - heim.gifNavigasjonsknapp forover.pngNavigasjonsknapp - tilbake.png